Hopp til innhold
X
Innhald

Bru kyrkje

Flytta til fastlandet

Bru kyrkje på Svanøy. Frå 1100-talet og fram til 1872 stod hovudkyrkja for nordlege luter av Sunnfjord på Svanøy – tidlegare kalla Bru - sjå Svanøy-godset.

Flytta til fastlandet

Bru kyrkje var ei stavkyrkje, som vart erstatta av ei korskyrkje i tre i 1657. Kyrkja vart riven i 1872, og ny vart bygd i Stavang på fastlandet. Frå Bru-kyrkja er døypefont i kleberstein frå 1200-talet, kyrkjebenk frå 1650 og lysestake frå 1637 teke vare på i Svanøy hovudgard.

Altertavle (katekismustavle, lik den i Gaupne kyrkje) frå 1590 og preikestol frå 1653 og sju glasmåleri frå 1659 står i Bergen museum. På den gamle kyrkjegarden står ein over to meter høg steinkross med runeskrift.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.03.2008