Hopp til innhold
X
Innhald

Christian Sommerfelt

Christian Sommerfelt (1916-2004). Fødd i Oslo. Adm. direktør i Christiania Spigerverk 1961-1972, og seinare nestformann og styreformann i Elkem-Spigerverket AS.

Gjennom eigarskapet til Bremanger Smelteverk i Svelgen fekk Sommerfelt som leiar av Christiania Spigerverk kjennskap til den store prakteigedomen Svanøy Hovudgard . Han sette seg i spissen for skiping av Svanøy Stiftelse, som etter avtale med eigaren Kristoffer Svanøe overtok hovudbygningen og kringliggjande bygningar i 1972. I tillegg kjøpte stiftinga Kvalstad gard på Svanøy med tilhøyrande skog på 2900 dekar.

Her vart seinare Norsk Hjortesenter skipa. Sommerfelt var i mange år den drivande krafta i Svanøy Stiftelse, som restaurerte den store hovudbygningen og dei andre bygningane på garden.

Som framståande norsk industrileiar, president i Norges Industriforbund og formann i Norsk Eksportråd hadde Sommerfelt eit stort kontaktnett, og fekk dei fleste norske storkonsern med på finansiering av Svanøy Stiftelse.

Sommerfelt hadde ei hand med i arbeidet med å restaurere driftsbygningen på Svanøy Hovudgard. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Sommerfelt hadde ei hand med i arbeidet med å restaurere driftsbygningen på Svanøy Hovudgard. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.05.2010