Hopp til innhold
X
Innhald

Dagfinn Hjertenes

Stortingsrepresentant 1989-1993. Leiar i det regionale Høgskulestyret 1983-1989.

Dagfinn Hjertenes (1943–2006) frå Florø. Banksjef, Høgre-politikar og ombodsmann for Forsvaret. Starta den politiske karrieren som medlem av landsstyret og fylkesleiar i Ungre Høgre på 1960-talet. Ordførar i Flora 1980-1985 og 1988-1989. Medlem av fylkestinget 1988-1992.

Stortingsrepresentant 1989-1993. Leiar i det regionale Høgskulestyret 1983-1989.

Har m.a. hatt tillitsverv som leiar i Sogn og Fjordane Petroleumsforening, styremedlem i Firda Billag, Svanøy Stiftelse og leiar i Sogn og Fjordane Idrettskrins. Næringssjef i Flora frå 1996 til 2002, då han vart tilsett som ombodsmann for det norske forsvaret.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.05.2010