Hopp til innhold
X
Innhald

Dampskip og havfiske

DS Gwent var eitt av fiskedampskipa som skapte ny giv i Florø.

DS Gwent var eitt av fiskedampskipa som skapte ny giv i Florø.

Motoriseringa av den norske fiskeflåten starta med dei første, havgåande fiskedampskipa tidleg på 1880-talet. Dei opna for alvor for eit nytt fiske: Bankfisket utanfor Norskekysten og i Nordsjøen. Florøværingane var tidleg ute og sikra seg ein sterk posisjon i dette fisket, og Florø opplevde ei ny blømingstid. Men det var ikkje norske fiskarar som var dei første til å ta motoren i bruk: I England og Nederland kom dei første fiskedampskipa kring 1860. Ein av pionerane i Norge var notbas Hermannsen frå Florø. På slutten av 1870-talet kjøpte han dampbåt og brukte den til sleping av notbruket sitt. Han gjorde også forsøk med ei slags snurpenot som han sette og drog direkte frå dampskipet. Dette var over 20 år før snurpenotfiske kom i vanleg bruk. Men det var sunnmøringane som stod for det store gjennombrotet for dampskip og bankfiske i Sør-Norge, då fiskedampskip frå Ålesund i 1885 gjorde stor suksess under kveitefiske på Storegga.

Stor dampskipsflåte i Florø

I Florø kjøpte den kjende forretningsmannen Abraham Haave fiskedampskipet ”Kinn” i 1894. Haave brukte "Kinn" til fiske både på norskekysten og ved Island i tillegg til fraktfart. Saman med skipsreiar Elias A. Olsen og andre forretningsmenn i Florø kjøpte Haave fire nye fiskedampskip i åra frå 1899 til 1903. Både i Florø og Måløy vart det skipa fleire såkalla ”havfiskeselskap”. I Måløy kom det første havfiskeselskapet med eige dampskip i 1898. Eit selskap som kalla seg Florø Havfiskeselskap disponerte i åra frå 1900 og utover i alt seks fiskedampskip. Selskapet vart oppløyst etter kort tid og skipa selde m.a. til Abraham Haave. Det mest kjende fiskedampskipet i denne flåten var "Høvding" som vart kjøpt av E. Ohna. "Høvding" var i drift også i dei store sildeåra på 1950-talet. Mykje av denne veksten i norsk havfiske kring førre hundreårsskifte kom av at Staten i 1900 skipa Havfiskefondet som investeringshjelp til dei som ville satse på moderne havfiske. Florøfolket var om seg og sikra seg i tida fram til 1910 heile 29 prosent av midlane frå dette statlege fondet.

Fiskehandel i Nord-Noreg

Abraham Haave var ein av fleire forretningsmenn i Florø som satsa på fiskehandel med Nord-Noreg på 1890-talet. I 1896 gjekk i alt sju kjøpefarty frå Florø til Lofotfisket. Fiskeprodukta ekporterte dei gjerne direkte, utan å gå omvegen om kjøpmenn i Bergen. Det same gjorde møringane. Den fleire hundreårige bergensdominansen i norsk fiskehandel var dermed broten. Ved utbrotet av 1. verdskrig vart den norske havfiskeflåten utestengd frå felta sine i Nordsjøen. Krigen og risikoen for å verte torpederte eller tekne til fange av krigsmaktene vart for stor. Dei fleste fiskedampskipa vart selde, og i 1919 var det berre fem fiskedampskip att i Florø.

Uthamnene kjem i bakleksa

Uthamnene kjem i bakleksa

Kring 1905 kom det store gjennombrotet for den oljedrivne motoren i fiskeflåten. På få år fekk dei fleste fiskeskøytene montert motor. Men dei gamle segla vart lenge nytta som framdrift ved sida av motoren. Med motordrift var ikkje fiskarane lenger avhengige av kort utror til felta og leveransar i fiskeværa på dei næraste øyane. No kunne dei raskt og lett gå inn til t.d. Florø og Måløy, der det var god hamn. Her låg dei nye fiskemottaka og oppkjøps-båtane, og her bunkra og provianterte dei og fann slippar og service for motorskøytene. Dermed kom dei gamle fiskeværa ute ved havet - Hovdevågen, Batalden, Rognaldsvåg og Båsundet i bakleksa.

'

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.06.2010