Hopp til innhold
X
Innhald

Dei eldgamle diabas-gruvene

Stakaldeneset sett frå Klavelandet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stakaldeneset sett frå Klavelandet. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Svein Brandsøy ved steinbrotet på Stakaldeneset. Foto: Frode Klokkernes.

Svein Brandsøy ved steinbrotet på Stakaldeneset. Foto: Frode Klokkernes.

Diabasgruvene i Flora er truleg Norges eldste industrisamfunn. På halvøya som stikk ut mellom Eikefjorden og Høydalsfjorden ligg Stakaldeneset. Du ser neset frå riksveg 5, like vest for Sundefjelltunnelen.

Her oppdaga amatørarkeologen Svein Brandsøy i 1978 eit steinbrot frå steinalderen. I ei djup renne som går tvers over neset i 600 meters lengd, fann han restar etter gruvedrift på den grågrøne steinarten diabas, som vart nytta til reidskapar av steinalderfolket.

Både i sjølve gruva, ved stranda og i andre lokale verkstader m.a. i Brandsøy har ein funne mengder av steinavslag og restar etter vraka reidskapsemne. Verksemda har hatt stort omfang, og kan med rette kallast Norges første og avgjort lengstlevande industri-samfunn.

Før dette funnet, rekna ein med at busetjarane langs norskekysten fekk grønsteinsemna sine berre frå eit steinbrot på Bømlo. No viste det seg at diabastypen frå brotet på Stakaldeneset hadde vore i omsetning langs heile Vestlands- og Trøndelagskysten for 8-9000 år sidan og fram til ca. 2000 år f.Kr.

For oppdaginga av steinaldergruva fekk Svein Brandsøy Fylkeskulturprisen i 1985.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 01.06.2010