Hopp til innhold
X
Innhald

Det avlyste Florø-raidet 1941

Florø sett frå vest, eit syn landgangstroppane i KITBAG ikkje fekk sjå i 1941. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Florø sett frå vest, eit syn landgangstroppane i KITBAG ikkje fekk sjå i 1941. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Tidleg i desember 1941 gjekk ein større flåtestyrke med landgangstropper frå Shetland med kurs mot Florø. Planen var å gjere eit raid mot Floralandet. Operasjonen hadde kodenamnet «KITBAG».

Men då flåtestyrken kom inn under norskekysten, var ikkje navigatøren sikker på om dei hadde nådd land ved Batalden, slik dei hadde planlagt. Flåtekommandøren avlyste difor aksjonen, og skipa vende heim. Ein soldat frå Kompani Linge som var med i invasjonesstyrken, kjende att landskapet fordi han sjølv var frå Florø-kanten, men han vart aldri rådspurd.

Den 3. juledag same året slo ei liknande landgangsgruppe til mot Måløy i det kjende Måløyraidet. Då vart ein alliert ubåt send i førevegen og plassert ved innløpet til Vågsfjorden for å lose den øvrige invasjonsstyrken på rett kurs.

Seks soldatar drepne i ulukke

På veg frå Scapa Flow på Orknøyane til Florø skjedde ei alvorleg ulukke. Skipa hadde ein stopp på SullomVoe på Shetland og låg ved kai då ulukka var ute. Under armering av nokre handgranatar (klargjering med tennsats) om bord på eitt av skipa, gjekk ein granat av, og seks soldatar vart drepne. To av dei var frå Kompani Linge (Braaten og Dreng). I tillegg vart 11 soldatar skadde.

Krigsfotograf hadde skulda

Ulukka skal ha skjedd då ein krigsfotograf ville arrangere eit bilete av granatane. Han la difor armerte og uarmerte granatar saman i ein haug. Etter at biletet var teke, heldt soldatane fram med å armere granatar utan å ense det fotografen hadde gjort. Under arbeidet vart difor sikringspinnen på ein av granatane fjerna, slik at den eksploderte.

Les meir om krigshistoria i Flora

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.06.2015