Hopp til innhold
X
Innhald

Dombevågen og Milorg

Hovden sett frå Lisetflona på Frøya. Dombevågen ligg bak neset til  høgre. I bakgrunnen ser vi profilen til Batalden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Hovden sett frå Lisetflona på Frøya. Dombevågen ligg bak neset til høgre. I bakgrunnen ser vi profilen til Batalden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Særleg viktig landingsplass for Shetlandsgjengen vart Dombevågen på Hovden. Her budde den uredde Martin Domben. Han husa flyktningar som skulle vestover og tok imot norske sabotørar vestfrå.

I 1943 husa han Ragnar Ulstein, Nils Fjeld og Harald Svindseth i sju veker etter at dei i operasjonen «Vestige I» hadde utført sabotasje mot tyske skip i Svelgen (sjå Krigshistoria i Bremanger). Den 14.oktober 1944 kom Ragnar Ulstein og Harald Svindseth tilbake til Martin Domben – no med ansvaret for å byggje opp Milorg i Sogn og Fjordane.

Gruppa frå Kompani Linge talde forutan Ulstein (leiar) og Svindseth også Nils Fjeld og Nils Thorsvik. I løpet av nokre vekar skulle dei unge soldatane byggje opp og trene ein norsk motstandsstyrke, organisere samband og transportruter for våpen frå kysten og innover i landet.

Martin Domben skyssa soldatane til indre Sogn - med våpen og radioutstyr løynd under ei last med skjelsand. Gruppa med kodenamnet «Siskin» oppretta hovudkvarter i Sogndalsdalen. Etter ei tid såg Ulstein at heile fylket vart for stort arbeidsområde, og han sende difor Harald Svindseth til Ålfotdalen, der han fekk ansvaret for å byggje opp Milorggruppa «Snowflake».

I løpet av nokre få veker vart det sett opp ein «hær» på mellom 500 og 600 mann i Sogn og Fjordane, men organisasjonen vart riven opp i februar-mars 1945 (sjå Opprullinga av Milorg) og over 70 personar arresterte, nokre grovt torturerte. Mellom desse var Martin Domben, som vart arrestert i Davik etter at båten hans vart oppdaga ved Torheim, der Gestapo hadde gått til aksjon mot Ivar Torheim og hans familie (sjå Krigshistoria i Eid).

Les meir om krigshistoria i Flora

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.06.2010