Hopp til innhold
X
Innhald

E. Karstensen Fiskeoppdrett A/S

Batalden sett frå Kinnasund. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Batalden sett frå Kinnasund. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

E. Karstensen Fiskeoppdrett A/S vart starta i Batalden i 1972 av Erling Karstensen.

Han vart dermed ein av pionérane i denne næringa i Sogn og Fjordane. Han kjøpte eit fryseri i Vesterålen som han flytta og sette opp ved Holmen på Batalden. Ektemaken Borghild og sønene Geir og Nils Tore Karstensen overtok drifta då Erling døydde i 1983.

I 1997 samordna Karstensen fiskeoppdrettet med Marø Havbruk på Svanøy. I 1994 var Karstensen med på skiping av eksportselskapet Coast Seafood, og i 1995 Coast Services som seinare skifta namn til Havdyrkerne. Dette oppdrettareigde selskapet arbeider med felles fòrinnkøp, salsavtalar m.m.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 07.05.2010