Hopp til innhold
X
Innhald

E. Sundal

E. Sundal i Norddalsfjorden vart lagd ned i 2005. Foto: Ottar Sundal, NRK.

E. Sundal i Norddalsfjorden vart lagd ned i 2005. Foto: Ottar Sundal, NRK.

E. Sundal landhandel vart starta på Midtbø i Norddalsfjorden kring 1925 av Elias Sundal. Dottera Aslaug E. Sundal tok seinare over og dreiv butikken til den vart lagd ned i 2005.

I 1950 bygde Elias Sundal ein trevarefabrikk like ved forretninga. Her arbeidde alle dei tre sønene Odd, Kåre og Anders. Fabrikken laga vindauge, dører og kjøkeninnreiingar. Framleis i 2007 dreiv Kåre Sundal ein del leigesaging i bygget.

Trevarefabrikken til Elias Sundal. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Trevarefabrikken til Elias Sundal. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.11.2009