Hopp til innhold
X
Innhald

Edvin Austbø

Edvin Austbø fødd 1964 i Florø, busett i Oslo. Finansanalytikar og investor.
Har m.a. arbeidd som finansanalytikar i Carnegie og Norgesinvestor. Gjennom det heileigde selskapet Alden AS og spekulasjonar på børsen har Austbø lagt seg opp ein stor formue. Ved utgangen av 2005 var balansen i Alden AS på 321 millionar kroner. Den skattelikna inntekta til Austbø var i 2004 46,5 millionar kroner, og formuen nærare 270 millionar kroner.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 05.05.2007