Hopp til innhold
X
Innhald

Eikefjord Marine

Norwegian Marine i Eikefjord. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Norwegian Marine i Eikefjord. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Eikefjord Marine bygde i 1987 skipsverft i Eikefjord. Bak selskapet stod Brødrene Aa i Hyen og Ulstein-gruppa på Sunnmøre. Grunnen til at Brødrene Aa satsa i Eikefjord, var først og fremst utsiktene til å vinne ein storkontrakt med det norske Sjøforsvaret om ein ny generasjon minneryddingsfarty.

Verftet i Hyen hadde utvikla sitt eige konsept basert på ein kombinasjon av katamaran og luftputefarty.

Verftet i Hyen hadde utvikla sitt eige konsept basert på ein kombinasjon av katamaran og luftputefarty.

Verftet i Eikefjord kosta 27 millionar kroner, og for m.a. å tole den store kostnaden kom Ulstein-gruppa inn med 50 %. Eikefjord-verftet tapte kontrakten i 1989, og Brødrene Aa gjekk konkurs to år seinare. Etter konkursen i 1991 overtok INC-gruppa verftet i Eikefjord, og verksemda heiter Norwegian Marine. Verksemda har sidan bygd deksel til undersjøiske oljeinstallasjonar og luksuriøse fritidsbåtar til oljesjeikar og multimilliardærar i Brunei og USA.

I år 2000 hadde Norwegian Marine ei omsetning på 22 millionar kroner og 25 tilsette.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.10.2011