Hopp til innhold
X
Innhald

Ein lege for heile Fjordane

Christian Bonning Uchermann var den første distriktslegen i Fjordane. Han vart tilsett i 1802, og hadde tilhald i Innvik i Nordfjord. Noko seinare vart stillinga flytta til Førde.

Men heilt fram til 1836 var det berre to distriktslegar i fylket - ein for Sogn og ein for Fjordane. I 1836 vart talet på legar auka til fire. Legen for Sunnfjord hadde då tilhald på Storgarden Tysse. I 1857 fekk fylket åtte legedistrikt.

Ude J. Høst var første ordføraren i Florø bykommune.

Ude J. Høst var første ordføraren i Florø bykommune.

Eiga legeordning i Indre Sunnfjord

Indre Sunnfjord fekk si spesielle legeordning i 1854, då legen Hammer opna praksis i Førde. I 1857 fekk fylket 8 legedistrikt, og Sunnfjord vart delt i eit indre og eit ytre. I 1860 kom Ude J. Høst til byen som såkalla fiskerilege i sildetida, og i 1862 vart han tilsett som den første distriktslegen i Kinn. Året etter var han også ordførar i Florø. På 1890-talet fanst det og ein privatpraktiserande lege i Florø.

Bygdedokterar

Langt inn i den moderne medisinen sin tidsalder, arbeidde også dei lokale «bygdedokterane». Ein av dei mest søkte var Sæla-dokteren i Naustdal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 02.06.2010