Hopp til innhold
X
Innhald

Einar Seim

Einar Seim (1885-1978). Fødd i Alværsund, busett på Kinn. Bonde, målreisingsmann og politikar.

Einar Seim (1885-1978). Fødd i Alværsund, busett på Kinn. Bonde, målreisingsmann og politikar.

Seim var m.a. medlem av Kinn kommunestyre tre valbolkar og ordførar ein periode.

Han hadde store kunnskapar m.a. om historie, og vart ofte kalla «vismannen på Kinn». Seim reiste fleire gonger til Shetland og Hebridane med stipend frå Nansen-fondet for å finne leivningar etter norrønt mål på øyane, og gav også ut ei samling med sunnfjordske ord og uttrykk.

Leiar i Firda Mållag 1925-1940.

Bror til Harald Seim.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 21.05.2010