Hopp til innhold
X
Innhald

Eirik Molnes Husabø

Eirik Molnes Husabø. Foto: Privat.

Eirik Molnes Husabø. Foto: Privat.

Eirik Molnes Husabø fødd 1966, frå Florø. Musikar, komponist og musikkprodusent. Han bygde sitt eige musikkstudio i Florø, Kanalen Lydstudio, som seinare fekk namnet Verdens Beste Studio. Der har han produsert eigen musikk, men han har og vore produsent for mange norske artistar.

Til 250-årsjubileet til Sogn og Fjordane i 2013 laga han tingingsverket «Tri tonar». Det vart framført av Kringkastingsorkesteret (KORK) saman med felespelarane Arne Sølvberg, Sigmund Eikås og Håkon Høgemo på ein konsert på Nordfjord Operahus på Nordfjordeid.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.01.2016