Hopp til innhold
X
Innhald

Eivind Hjellum

Eivind Hjellum var den første direktøren i NHO i Sogn og Fjordane.

Eivind Hjellum var den første direktøren i NHO i Sogn og Fjordane.

Eivind Hjellum fødd 1946 i Lindås, busett i Florø. Skipsingeniør, økonom og Høgre-poltikar. Ingeniøreksamen frå Bergen tekniske skole 1968. Tilleggsutdanning i økonomi.

Var tilsett ved Stord Verft og arbeidde som skipsteknisk konsulent for eit Oslo-firma før han vart disponent ved Kleven-Løland verft i Leirvik (sjå Løland Verft) frå 1980 til 1986.

Fyrste NHO-direktør

Arbeidde deretter som konsulent fram til 1989, då han vart tilsett som første regiondirektøren for NHO i Sogn og Fjordane. Frå 1993 til 2002 var Hjellum leiar i Norwegian Marine i. Frå 2002 næringssjef og hamnesjef i Flora. Hjellum sat i bystyret for Høgre 1994-2001.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 19.05.2010