Hopp til innhold
X
Innhald

Eivind Stavang

Eivind Stavang. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Eivind Stavang. Foto: Heidi Lise Bakke, NRK.

Eivind Stavang, fødd 1982 i Florø. Friidrettsutøvar. Han tok bronse på 110 meter hekk under senior-NM i 2006. Han vart noregsmeister på 60 meter hekk i innandørs-NM 2007.

I 2008 vart han norsk meister på 110 meter hekk, og i 2009 vart han norsk meister på 60 meter hekk innandørs. I 2010 tok han gull både i stille lengde og på 60 meter hekk i innandørs-NM. I utandørs-NM same året tok han sølv på 110 meter hekk. I innandørs-NM 2011 tok han sølv på 60 meter hekk, og i utandørs-NM på Byrkjelo same året vart det også sølvmedalje. I 2012 tok han gullmedalje på 60 meter hekk og sølvmedalje i stille lengde i innandørs-NM. I senior-NM 2012 tok han sølv på 110 m hekk.

Eivind Stavang i aksjon på 110 meter hekk. Foto: Sander Heggheim, NRK.

Eivind Stavang i aksjon på 110 meter hekk. Foto: Sander Heggheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 27.08.2012