Hopp til innhold
X
Innhald

Elias M. Hole

(1853–1938). Fødd i Sykkylven, busett i Florø. Lærar, redaktør, bankdirektør og politikar.

(1853–1938). Fødd i Sykkylven, busett i Florø. Lærar, redaktør, bankdirektør og politikar.

Tilsett som styrar for den nyskipa Amtsskulen (fylkesskulen) i Florø i 1877. Hole var redaktør i ”Nordre Bergenhus Amtstidende” i fleire år. Frå 1886 til 1891 heldt amtsskulen til i Førde. I desse åra gav redaktør Hole ut «Nordre Bergenhus Amtstidende» frå Førde. Hole skreiv historieskriftet ”Florø gjennem 75 år” i 1935.

Han var formann i Florø Træplantningsselskab 1906–1938, administrerande direktør i Fjordenes Kreditbank 1908–1921 og ordførar i Florø 1897–1901 og 1911–1922.

Tildelt Kongens fortenestemedalje i gull i 1935.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.03.2008