Hopp til innhold
X
Innhald

Ernst Sars

Ernst Sars. Foto: L. Szacinski. Eigar: Nasjonalbiblioteket.

Ernst Sars. Foto: L. Szacinski. Eigar: Nasjonalbiblioteket.

Monumentet over Sars-brørne ved Flora samfunnshus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Monumentet over Sars-brørne ved Flora samfunnshus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Johan Ernst Welhaven Sars - til dagleg kalla Ernst Sars (1835-1917) fødd i Florø, busett i Oslo. Historikar og politikar.

Sars vart ein av våre fremste historikarar i det 19. hundreåret. Universitetstipendiat 1870, professor i 1874.

Hovudverket "Udsigt over den norske historie" kom i fire bind 1873-1891. Eit anna stort verk er "Norges politiske historie 1814-1885", som kom ut i åra 1899- 1904.

I dei nasjonale reisingsåra før 1905 vart han på mange vis «sjefideolog» for partiet Venstre, og hadde omgang med ånsdhøvdingar som Bjørnstjerne Bjørnson og A.O. Vinje. Kvar sundag samla han og mora politikarar og intellektuelle til diskusjonsmøte heime hos seg i Bærum. Sjølv tok han ikkje imot framståande verv i rikspolitikken.

Son av Michael Sars og Maren Cathrine Welhaven Sars, og bror til Georg Ossian Sars. Ved 100-årsjubileet til Florø by i 1960 vart det avduka ein dobbelbyste av Ernst og broren Georg Ossian Sars. Den står no i parken ved Flora Samfunnshus.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 20.05.2010