Hopp til innhold
X
Innhald

Falne frå Flora under 2. verdskrig

Oversyn over falne og omkome frå Flora i krigshandlingar under 2. verdskrig. Ordna etter fødselsår:

Gerhard Johan Storhaug

(1879-1942) frå Kinn. Var ombord i M/S «Herstein» som vart bomba av japanske fly i Rabaul, New Britain i januar 1942. Mannskapet vart teke til fange, og han omkom då fangeskipet S/S «Montevideo Maru» vart senka på veg til Japan 1. juli 1942.

Jens Buarøy

(1888-1944) frå Kinn.

Sverre Antonsen

(1894-1942) frå Kinn. Berga seg då kvalfangaren S/S «Koronda» vart torpedert i 1940 og kom seg til England. Derfrå sigla han med M/S «Embla» og S/S «Bergholm». Omkom i Cardiff 9. januar 1943.

Hans Joakim Hatlø

(1897-1945) frå Florø. Omkom i krigsforlis med D/S «Galatea» ved den engelske kysten 21. januar 1945.

Torleif Gärtner Helmers

(1898-1942) frå Florø. Omkom då M/S «Rampo» krigsforliste 14. februar 1942.

Ludvik Kristoffer Ludviksen

(1901-1944). Sigla i alliert fart under heile krigen og omkom då D/S «Isbjørn» kantra i Den engelske kanal 17. desember 1944.

Ansgar Mathias Broholm

(1902-1940) frå Florø. Kom vekk då M/S «Bisp» forliste januar 1940 på veg frå England til Noreg.

Leif Anton Pettersen

(1904-1942) frå Florø. Omkom då D/S «Gunny» vart torpedert i Det karibiske hav 2. mars 1942 på veg frå Vest-Afrika til New York.

Bernhard Nicholai Reksten

(1906-1944) frå Kinn. Teken til fange då M/T «Buccaneer» vart bomba av tyske skip i Skagerak 1. april 1942. Mannskapet hamna i tyske KZ-leirar der Reksten døydde våren 1944.

Arvid Johan Stenhovden

(1908-1943) frå Florø. Miste livet då D/S «Norhauk» vart minesprengt den 21. desember 1943 ved munningen av Themsen.

Johannes Ø. Stavang

(1908-1940) frå Stavang. Omkom då M/T «Havbør» vart torpedert mellom Cape Town og Freetown 14. november 1940 medan dei var i ferd med å redde mannskapet frå ein annan torpedert båt.

Hilmar Hansen

(1909-1944) frå Florø.

Einar Skare

(1909-1941) frå Kinn. Kom bort med M/K «Odd» 23. september 1941 under røming til Shetland (sjå også Ingvar Sagen fødd 1912 lenger nede).

Fridtjof Urdal

(1910-1945) frå Årebrot. Omkom då D/S «Fusa» vart senka i Korsfjorden ved Bergen den 8. janauar 1945.

Odd Batalden

(1911-1941) frå Florø. Rømde vestover via Nord-Noreg og tenestegjorde i flyvåpenet. Kom ikkje tilbake etter tokt 30. juli 1944.

Jostein Julius Kapstad

(1911-1944) frå Florø. Arrestert saman med andre politifolk i 1943 og døydde i tysk KZ-leir 17. mars 1944.

Ingvar Andreas Sagen

(1912-1941) frå Kinn. Freista å røme til Shetland med M/K «Odd» 23. september 1941, men båten kom bort – sjå også Einar Skare fødd 1909 lenger oppe.

Mathias Andreas Midtbø

(1913-1943) frå Florø. Omkom då M/T «Nortind» truleg vart senka av tysk ubåt 25. januar 1943 på veg frå New York til Mersey.

Sveinung Jensen

(1914-1944) frå Kinn. Sigla i handelsflåten heile krigen til han døydde 17. mai 1944 av tyfus.

Nils Johan Kittang

(1915-1941) frå Florø. Kom bort med rømingsbåten «Odd» på veg frå Bulandet til Shetland 23. september 1941.

Trygve Eikevold

(1915-1940) frå Florø. Fall då panserkryssaren «Norge» vart søkt under kampane om Narvik 9. april 1940. Bror til Alexander Eikevold fødd 1920 - sjå denne lenger nede.

Olaf Larsen

(1915-1942) frå Kinn. Var med i Shetlands-gjengen og omkom saman med resten av mannskapet då skøyta «Sandøy» på veg frå Shetland til Lyngvær vart skoten i senk av tyske fly.

Sigfred Sandvik

(1916-1942) frå Florø. Deltok i kampane i april 1940, rømde til England 1941. Sigla med minesveiparen «Sotra» og omkom då skipet vart senka utanfor Tobruk i januar 1942 under konvoiteneste.

Andreas Hesjedal

(1917-1945) frå Eikefjord. Miste livet då ammunisjonsbåten Thekla forliste ved Florø 1. september 1945.

Erling Johan Vårdal

(1917-1945) frå Florø. Deltok i kampane i april 1940, rømde til England i 1941 og kom med i flyvåpenet på Shetland og Orknøyane. Vart sjuk i 1944 og døydde i Noreg etter freden - den 1. juni 1945.

Nils Jørgen Fuglesang

(1918-1944) frå Florø. Flygar. Sjå: Nils Jørgen Fuglesang og flukta frå Stalag III.

Atle Svardal

(1919-1945) frå Florø. Telegrafist.

Malvin Johan Ås

(1920-1941) frå Florø. Miste livet då M/T «Hildefjord» vart bomba i St. George-kanalen på veg frå Bermuda til Barry Roads 1. april 1941. Bror til Olav Ås fødd 1923 – sjå lenger nede.

Alexander Eikevold

(1920-1940) frå Florø. Omkom då D/S «Keret» vart torpedert i Atlanterhavet 22. august 1940 på veg frå Sydney til North Shields. Bror til Trygve Eikevold fødd 1915 – sjå denne lenger oppe.

Birger Oddmund Bjørnsen

(1920-1941) frå Kinn. Omkom då skøyta «Blia» frå Shetlandsgjengen vart senka etter eit spesialoppdrag den 15. november 1941.

Rudolf Johannessen

(1922-1942) frå Florø. Rømde til England i 1941. Vart sjuk og døydde i Liverpool 17. september 1942.

Olav Ås

(1923–1944) frå Florø. Vart teken til fange av tyskarane etter senking av M/S «Kattegat» i Sør-Atlanteren 20. mai 1942. Sat i japansk fangenskap, men rømde og mønstra på M/S «Tricolor». Fall overbord ved Australia 28. oktober 1944. Bror til Malvin Ås fødd 1920 – sjå denne lenger oppe.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 24.10.2007