Hopp til innhold
X
Innhald

Falne og omkomne frå Flora

Dei fleste av dei frå Flora kommune som miste livet under andre verdskrigen var sjømenn. Dette biletet viser DS Keret, eigd av Det Bergenske Dampskipsselskap. Skipet vart torpedert av ein ubåt 22. august 1940 på veg til Sydney i Australia. Ein av dei som omkom var Aleksander Eikevold frå Florø. Foto: Nils Liset, eigar: Per Liset.

Dei fleste av dei frå Flora kommune som miste livet under andre verdskrigen var sjømenn. Dette biletet viser DS Keret, eigd av Det Bergenske Dampskipsselskap. Skipet vart torpedert av ein ubåt 22. august 1940 på veg til Sydney i Australia. Ein av dei som omkom var Aleksander Eikevold frå Florø. Foto: Nils Liset, eigar: Per Liset.

I alt 41 personar frå Flora kommune fall eller omkom som fylgje av krigshandlingar under 2. verdskrig. Ingen andre kommunar i Sogn og Fjordane hadde eit så stort tal falne og omkomne under krigen. Nest etter Flora kjem Bremanger med 31 personar.
(Du finn fleire opplysningar under ”Kjende personar”).

Minnesmerke over dei falne under andre verdskrigen ved Florø kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Minnesmerke over dei falne under andre verdskrigen ved Florø kyrkje. Foto: Ottar Starheim, NRK.

*Gerhard Johan Storhaug (1879–1942) frå Kinn. Båtsmann og krigsseglar. *Jens Buarøy (1888-1944) frå Batalden. Fiskar og bonde. *Sverre Antonsen (1894–1943) frå Fræna, busett i Florø. Kvalfangar og krigsseglar. *Hans Joakim Hatlø (1897–1945) fødd i Ulstein, busett i Florø. Maskinist og krigsseglar. *Harald Standahl (1897–1940) frå Kinn. Kokk. *Torleif Gartner Helmers (1898–1942) frå Florø. Kunstmålar og krigsseglar. *Peder Harald Æsø (1900–1941) frå Kinn. *Wilhelm Elias Pedersen (1900–1943) frå Kinn, busett på Skodje. Maskinmeister og krigsseglar. *Ludvik Kristoffer Ludviksen (1901–1944) frå Kinn. Sjømann og krigsseglar. *Ansgar Mattis Broholm (1902–1940) frå Florø. Sjømann og krigsseglar. *Jens Thoralf Johannesson (1903–1943) frå Kinn. Maskinist og krigsseglar. *Mads Esø (1904–1941) frå Kinn. *Leif Anton Pettersen (1904–1942) frå Florø. Sjømann og krigsseglar. *Bernhard Nikolai Reksten (1906–1944) frå Reksta. Skipskaptein og krigsseglar. *Torleif Mads Esø (1908-1941) frå Kinn.

Hilmar Andreas Hansen.

Hilmar Andreas Hansen.

*Johannes Stavang (1908–1940) frå Kinn. Motormann og krigsseglar. *Arvid Johan Stenhovden (1908–1943) frå Florø. Maskinist og krigsseglar. *Hilmar Andreas Hansen (1909-1944) frå Florø. Fiskar og motstandsmann. *Einar Skare (1909–1941) fødd i Bergen, busett i Flora. Sjåfør. *Fridtjof Urdal d.e. (1910–1945) frå Kinn. Fyrbøtar. *Odd Batalden (1911–1941). Radiotelegrafist og soldat. *Sigurd Hilmar Wick (1911–1944) frå Kinn. Snikkar og motstandsmann. *Jostein Julius Knapstad (1911–1944) frå Kinn. Politikonstabel. *Odd Fjeldstad Pettersen (1912–1939) frå Kinn. Maskinist og krigsseglar. *Ingvar Andreas Sagen (1912–1941) frå Florø. Sjømann. *Mathias Andreas Midtbø (1913–1943). Sjømann og krigsseglar. *Erling Dagfinn Salomonsen (1913–1944) frå Florø. Sjømann og marinesoldat. *Sveinung Jensen (1914–1944) frå Kinn. Stuert og krigsseglar. *Trygve Eikevold (1915–1940) frå Florø. Marinegast. *Nils Johan Kittang (1915–1941) frå Kinn. Matros.

Nils Jørgen Fuglesang.

Nils Jørgen Fuglesang.

*Olaf Larsen Kinn (1915–1942) frå Florø. Fiskar og soldat. *Sigfred Sandvik (1916–1942) frå Florø. Motormann og marinesoldat. *Andreas Sigvard Hesjedal (1917–1945) frå Kinn. Bygningssnikkar og soldat. *Erling Johan Vårdal (1917–1945) frå Florø. Blekkmakar og flysoldat. *Nils Jørgen Fuglesang (1918-1944) fødd i Flekkefjord, busett i Florø. Fenrik og krigsflygar. *Atle Svardal (1919-1945) frå Florø. Løytnant og radiotelegrafist. *Birger Oddmund Bjørnsen (1920–1941) frå Kinn. Fiskar og soldat. *Aleksander Eikevold (1920–1940) frå Florø. Matros og krigsseglar. *Malvin Johan Aas (1920–1941) frå Florø. Matros og krigsseglar. *Rudolf Johannessen (1922–1942) frå Florø. Dekksmann og marinesoldat. *Olav Aas (1923–1944) frå Florø. Matros og krigsseglar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.06.2010