Hopp til innhold
X
Innhald

Felleskjøpet i Florø

Fellskjøpet i Florø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fellskjøpet i Florø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Felleskjøpet, opphaveleg Vestlandske Kjøpelag, etablerte seg i Florø i 1949 og bygde mjølblanderi og kraftfôrlager i 1954.

Frå 1967 har Felleskjøpet bygd fleire kornsiloar på 50 meters høgde. Anlegget kan produsere 50.000 tonn kraftfôr årleg, og hadde 20 tilsette i 1999.

Felleskjøpet Vestlandet slo seg i 1999 saman med tilsvarande organisasjon på Austlandet til Felleskjøpet Øst Vest.

Ein bil blir lasta opp med formjøl på Felleskjøpet i Florø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ein bil blir lasta opp med formjøl på Felleskjøpet i Florø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.05.2010