Hopp til innhold
X
Innhald

Ferdsla på sjøen i Flora

Amtskaia på slutten av 1950-talet. ”Nordfjord I” ligg ved kai, medan mjølkebåten ”Førdefjord” bakkar ut  frå Meierikaia, og lokalbåten ”Rognsøy” ser og ut til å vere klar for avgang. Foto: Tor Johannesen.

Furesundet fekk første rutestoppen

Frå 1843 stansa postskipet "Nordcap" i Furesundet.

Kanalen

I dag skil Kanalen Florølandet frå Brandsøy. Kanalen i Eidet (Florøeidet) vart bygd i 1872–1873 for å lette ferdsla mellom Gaddevågen og Florø hamn på nordsida og Solheimsfjorden på sørsida. Før det vart bygd ei hevebru, var det ferje over Kanalen. Denne brua vart avløyst av ei sterkare køyrebru i 1930.

Kanalbrua som vart bygd i 1873. Ukjend fotograf. Eigar: Kystmuséet i Sogn og Fjordane/Fylkesarkivet.

Kanalbrua som vart bygd i 1873. Ukjend fotograf. Eigar: Kystmuséet i Sogn og Fjordane/Fylkesarkivet.

Florø hamn

Den gode hamna på Florevika - i ly bak Florelandet - var avgjerande for at Florø by vart grunnlagd der i 1860. Hamna låg like ved kystleia og passe nær til dei rike sildefiskeria kring Kinn.

Fugleskjerkaia og hurtigruta

Fugleskjerkaia vart bygd på Fugleskjera og vart opna i 1919. Alt i 1895 vart hamna skjerma med ein molo frå Florelandet til skjera.

Fylkesbaatrutene

Den øyrike og oppdelte Flora kommune har truleg «fylkesrekord» i tal stoppestader for Fylkesbaatane: Kring 1920 hadde Fylkesbaatane i alt 186 stoppestader, og av desse låg 19, eller godt over tiandeparten, i noverande Flora storkommune.

Lokalbåtane Tansøy og Delfin Junior II ved Fugleskjerkaia i Florø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Lokalbåtane Tansøy og Delfin Junior II ved Fugleskjerkaia i Florø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Rutebåtane til Kristoffer Hovden

Kristoffer Hovden frå øya Hovden starta kring 1920 rutefart med motorbåten «Sendingen» mellom Bremanger og Bergen.

Florø Skyssbåt

vart skipa i 2003 av Frode Valvik og Paal Skorpen. Selskapet disponerer i 2014 desse båtane: «Dagning», «Sea Service» og «Øyservice». 1.11677244

MS Øyservice er ein av båtane til Florø Skyssbåt. Foto: Steinar Lote, NRK.

MS Øyservice er ein av båtane til Florø Skyssbåt. Foto: Steinar Lote, NRK.

Fiskerifyra kring Flora

Farvatna kring Florø er kjende som ei «paddemark» med farlege skjer og båar, og fleire fiskerifyr vart bygde for å gjere det tryggare for fiskeflåten.

Fyrlykta i Kinnasundet har avløyst eit eldre, bemanna fyr. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fyrlykta i Kinnasundet har avløyst eit eldre, bemanna fyr. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fylkesbaatane til Florø i 1986

Like ved Fugleskjerkaia bygde Fylkesbaatane nytt administrasjonsbygg i 1986 då hovudkontoret vart flytta frå Bergen til Florø.

Frå rådhuset er det god utsikt til Fugleskjerkaia. Her er ekspressbåten på veg frå kai på ruta nordover mot Selje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frå rådhuset er det god utsikt til Fugleskjerkaia. Her er ekspressbåten på veg frå kai på ruta nordover mot Selje. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Losstasjon i Florø

I 2004 vart det starta prøvedrift med losstasjon i Florø. I 2011 vart Florø losstasjon offisielt opna. Stasjonen vart bemanna med seks statslosar som har ansvaret for kysten frå Korsfjorden i sør til Ålesund i nord. Talet på oppdrag har auka frå 800 i 2004 til nær 1200 i 2011, og i 2014 vart talet på statslosar auka til ni.

Stor skipstrafikk til og frå Florø er grunnlaget for Florø losstasjon. Her kjem offshoreskipet Deep Energy til Florø for å bli utrusta ved STX Norway Florø. Foto: Truls Kleiven.

Stor skipstrafikk til og frå Florø er grunnlaget for Florø losstasjon. Her kjem offshoreskipet Deep Energy til Florø for å bli utrusta ved STX Norway Florø. Foto: Truls Kleiven.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 06.05.2014