Hopp til innhold
X
Innhald

Firda Folkeblad

Framsida av Nordre Bergenhus Folkeblad 20. desember 1914. Organ for bønder og fiskere, står det under avisnamnet. Nesten heile framsida er via eit lesarbrev -Svar til statsraad Konow, skrive av statsråd Omholt.

Nordre Bergenhus Folkeblad vart skipa i Askvoll i 1906 av boktrykkar Erik Johannesson Natvik frå Naddvik i Sogn og bonde og Venstre-politikar David O. Bakke.

Avisa var heilt frå starten ei Venstre-avis. Natvik hadde ei tid forlagsretten til avisa. I 1909 flytta han trykkeriet og avisa til Florø. Det var same året som Søndfjords Avis gjekk inn. I 1919 endra Nordre Bergenhus Folkeblad namnet til Firda Folkeblad. Dette hadde samanheng med at amtsnemninga fall bort, og ein gjekk over til «fylke». Firda Folkeblad vart stoppa i 1942 og innstilt resten av 2. verdskrig. Avisa gjekk inn i 1992.

Redaktørar har vore:

Siste utgåva av Firda Folkeblad fredag 21. august 1992. På framsida er det bilete av mangeårig redaktør i avisa, Alf Folkestad.

Siste utgåva av Firda Folkeblad fredag 21. august 1992. På framsida er det bilete av mangeårig redaktør i avisa, Alf Folkestad.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.

Sist oppdatert: 27.05.2010