Hopp til innhold
X
Innhald

Firda Settefisk

Medan Gudmun Strømsnes valde å la sitt selskap Haukå Settefisk og dotterselskap gå inn i Norway Seafarms og seinare Pan Fish, heldt Ola Braanaas sine selskap utanfor denne handelen.

Firda Settefisk i Norddalsfjorden, starta i 1987 var Braanaas sin base. Med dette selskapet kjøpte han i 1993 det konkursråka Botnane Fiskeoppdrett (sjå Firda Settefisk avd. Botnane).

Oppdrett i Gulen

Frå 1994 har han satsa stort på oppkjøp av fiskeoppdrettsanlegg i Gulen: I 1994 to matfiskanlegg i Gulen, og eitt setjefiskanlegg i Alvøen ved Bergen, i 1996 Eivindvik Fiskeoppdrett (Gulen), i 1997 Berges Laks med 1 konsesjon i Gulen, i 1998 Stolt Seafarms sine to konsesjonar i Gulen, og i 1999 halvparten av Martin Birknes sitt lakseslakteri i Gulen.

I tillegg kjøpte Braanaas i 1998 Rauma Laks i Romsdal og flytta konsesonen der over til anlegg i Gulen.

Anlegga i Gulen er eigde av Braanaas-selskapet Firda Sjøfarmer, og Braanaas styrer heile oppdrettskonsernet sitt gjennom holdingselskapet Firda Management.

I 2004 kjøpte Ola Braanaas ved Firda Management opp konkursbedriftene Bremanger Fiskefarm og Naustdal Fiskefarm. Seinare same året kjøpte Braanas ei fiskekonsesjon i Askvoll kommune frå Staten, og oppdrettsverksemda til Hatlem-familien i Hyllestad « Fjordfisk AS » med to konsesjonar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 03.06.2008