Hopp til innhold
X
Innhald

Fiskarsjukehuset

Sjukehus berre for fiskarar

Ytre Sunnfjord vart eige legedistrikt i 1857, og i 1863 fekk Kinn kommune eigen distriktslege. Men ei god stund før den tid hadde Staten sytt for ei eiga legeteneste som arbeidde i fiskeværa under vårsildfisket. Fiskerilegane vart frakta rundt i eigne skyssbåtar. Fiskerilegane var plasserte i Florø og i Kalvåg – den siste kom på plass så seint som i 1867.

Sjukehus berre for fiskarar

Men etter kvart melde det seg trong for ei sjukestove eller sjukehus som kunne ta imot dei dei sjukaste fiskarane. Difor vedtok Stortinget i 1863 å leggje ei avgift på eksportert sild, det såkalla Vårsildavgiftsfondet. Med Vårsildavgiftsfondet finansierte ein eit ”fiskarsjukehus” i Florø som stod ferdig i 1867. Sjukehuset hadde plass til 40 pasientar, men var berre i drift i sildesesongen, det vil seie tre-fire månader i året.

Berre fiskarar fekk nytte sjukehuset, medan sjukehuset sitt badehus også vart nytta flittig av byborgarane. I 1903 finansierte Vårsildavgiftsfondet eit liknande ”sjukehus” i Kalvåg for 20 pasientar.

Med nokre avbrot vart fiskarsjukehuset drive som sjukehus/sjukestove fram til Røde Kors overtok og utvida til Florø sjukehus i 1926. Bygget til fiskarsjukehuset vart seinare nytta til Fiskarfagskulen i Florø.

Hovudsider: Fiskerihistoria i Flora

Helsestell og velferd i Flora

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 21.10.2011