Hopp til innhold
X
Innhald

Fiskefirmaet Ploug & Sundt

Ein del av grunnmuren på den 45 meter lange bua i Båsundet på Skorpa viser godt enno. Foto: Are Fjellestad.

Ein del av grunnmuren på den 45 meter lange bua i Båsundet på Skorpa viser godt enno. Foto: Are Fjellestad.

I dei store sildeåra frå 1811 og fram til det vart svart hav att tidleg på 1870-talet, var det mange fiskefirma frå andre delar av vestlandskysten som bygde mottaksanlegg og salteri i Kinn og Florø.

Det same hende på øyane i Bremanger. Dei tilreisande byborgarane bygde ei mengd større og mindre saltebuer, og var dominerande på stader som Fanøyvågen, på Skorpa, på Tansøy og i Veisundet.

Sildesalteri

Ein av dei største aktørane i desse rike sildeåra var eitt av dei store handelshusa i Stavanger, Ploug & Sundt. I Båsundet på øya Skorpa bygde Ploug & Sundt midt på 1800-talet opp store buer og andre anlegg for sildesalting. Sildesalteriet i Båsundet skulle vere det største salteriet i Kinn kommune og var 45 meter langt. Framleis kan ein sjå rekkjer av murte steinkar som dei store sjøhusa på begge sider av Båsundet var bygde på.

Gjekk frå telegrafgaranti

I 1863 vart det installert fiskeritelegraf i Båsundet, og Ploug & Sundt garanterte for drifta. Firmaet gjekk frå garantien i 1871 då silda svikta, og stasjonen vart lagd ned. Truleg trekte stavangerfirmaet seg ut av Kinn nokolunde samstundes.

Frakta emigrantar

Ploug & Sundt var eit selskap som også slo seg på transport av europeiske emigrantar til Amerika frå 1860-talet og utover. Det store handelshuset vart råka av krisa i skipsfarten kring 1880 og gjekk konkurs i 1883.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 12.05.2010