Hopp til innhold
X
Innhald

Fiskefôrfabrikken EWOS

Ewos i 2007, før den siste utvidinga. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ewos i 2007, før den siste utvidinga. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fiskefórfabrikken Ewos vart starta i 1988 då det finske selskapet Cultor kjøpte den tidlegare sildoljefabrikken til Sildefiskernes Fabrikklag i Gunhildvågen. Seinare overtok selskapet Cermaq ASA fabrikken, men i 2013 vart Ewos selt til det svenske selskapet Altor og det amerikanske selskapet Bain Capital.

I løpet av 1990-talet vart EWOS bygd ut til ein av dei største fiskefórfabrikkane i verda med ein årsproduksjon på opp til 150.000 tonn.

Ewos AS, avdelding Florø, frå landsida. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Ewos AS, avdelding Florø, frå landsida. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fabrikken i Florø sysselset kring 90 årsverk, og verdien av årsproduksjonen i Florø var i år 2000 på kring ein milliard kroner. Fabrikken vart utvida for 600 millionar kroner i 2009, slik at den fekk ein årsproduksjon på 240.000 tonn. Dette er seinare auka til rundt 300.000 tonn.

Båtane frå Ewos fraktar fiskefor til oppdrettsanlegg langs heile kysten. Her er ein av båtane på veg nordover og passerer under Måløybrua. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Båtane frå Ewos fraktar fiskefor til oppdrettsanlegg langs heile kysten. Her er ein av båtane på veg nordover og passerer under Måløybrua. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 27.05.2014