Hopp til innhold
X
Innhald

Fiskerihistoria i Flora

Dei store mengdene med sild som vart ausa opp av havet var grunnlaget for Florø by. 

På slutten av 1700 var det på Sunnfjord-kysten eitt av dei rikaste fiskeria som ein veit om i norsk historie: På ettervinteren seig storsilda inn mot land i så veldige stimar at silda velta innover land. Fiskarar i tusental strøymde til for å gjere seg rike på havets sølv.

Vårsildfisket la grunnlaget for skiping av Florø by i 1860. Men ti år seinare var det svart hav. Armoda førde til landsinnsamling til støtte for dei fattige som sat att i Florø då både silda og kapitalen reiste derifrå. Byen og distriktet fekk ei ny blømingstid på slutten av 1800-talet med nye fiskedampskip som kunne nå ut til dei store fiskebankane. På 1950-talet opplevde kystbyen nye gullår med rikt sildefiske, og på slutten av hundreåret vart Florø eit viktig senter for norsk oppdrettsnæring.

Mannskapet på Rindenes, heimehøyrande i Flora (tidlegare Kinn kommune) håvar inn havets sølv i store mengder. Foto: Kåre Botnmark. © Fylkesarkivet.

Mannskapet på Rindenes, heimehøyrande i Flora (tidlegare Kinn kommune) håvar inn havets sølv i store mengder. Foto: Kåre Botnmark. © Fylkesarkivet.

Les også om:

Fiskebas, ein god representant for det moderne fiskerimiljøet i Florø. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fiskebas, ein god representant for det moderne fiskerimiljøet i Florø. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 17.06.2017