Hopp til innhold
X
Innhald

Fiskeritelegrafen varsla sild

Sildefiske ved Kinn. Teikning frå Skilling Magazin.

Sildefiske ved Kinn. Teikning frå Skilling Magazin.

Det rike sildefisket på 1800-talet samla i vintersesongen titusenvis av fiskarar i fiskeværa i Kinn og Bremanger. I 1861 vart det difor bygd ein såkalla «fiskeritelegraf» mellom Florø og fiskeværa kringom på øyane.

At dette skjedde berre seks år etter at den første telegraflina i Noreg var teken i bruk, fortel kor viktig vårsildfisket og sambandet til fiskeværa i ytre Sunnfjord var i den nasjonale økonomien.

Berre open om vinteren

Fiskeritelegrafen, også kalla «sildetelegrafen», var den første tida berre open i sesongen om vinteren, og fungerte lenge berre som eit internt samband fiskeværa imellom: Over telegrafen kunne ein få varsla fiskarane kvar sildeinnsiget kom, slik at dei slapp leite i blinde.

Både fiskarar og oppkjøparar fekk såleis eit godt «navigasjonsinstrument» i telegrafen. Også Haugesund og Lofoten fekk slike interne telegrafliner i fiskesesongen. I 1861 vart Florø, Kinn, Rognaldsvåg, Fanøy og Batalden kopla saman med fiskeritelegraf. I Fanøyvågen bygde fiskeritelegrafen eige hus. Ved andre stasjonar kjøpte eller leigde dei husvære.

I 1864 fekk også Kalvåg i Bremanger fiskeritelegraf, øya Skorpa 1866 og Tansøy 1868. På Skorpa hadde stavangerfirmaet Ploug & Sundt, som dreiv sildebuer der, garantert for drifta. Firmaet gjekk frå garantien i 1871 då silda svikta, og stasjonen vart lagd ned. I 1864 vart telegrafstasjonen i Florø gjort permanent. Samuel Andersen Aas frå Drøbak var første telegrafstyrar 1864-1898.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.05.2010