Hopp til innhold
X
Innhald

Fiskeriverksemder i Flora

Fiskeforfabrikken EWOS har teke over anlegga etter sildoljefabrikken til Sildefiskernes Fabrikklag i Gunhildvågen. Slik såg fabrikkanlegget ut i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fiskeforfabrikken EWOS har teke over anlegga etter sildoljefabrikken til Sildefiskernes Fabrikklag i Gunhildvågen. Slik såg fabrikkanlegget ut i 2007. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Omtalene er ordna etter oppstartsår:

Sjå også:

Fiskefirmaet Ploug & Sundt

i Stavanger var eitt av mange fiskefirma utanfrå som bygde anlegg i Kinn og Florø i dei rike sildeåra frå 1811 til 1870.

Skipsreiaren og havfiskepionéren Elias A. Olsen

Elias A. Olsen var kjøpmannsson frå Florø. I 1882 starta han som handelsmann i Florø før han satsa på skipsfart og fiskeri.

Jens Severin Bloch Helmers

starta i 1885 ei stor forretningsverksemd - m.a. tønnefabrikk, salteri og fiskebruk.

A. Haave AS

Abraham Haave starta i 1892 som forretningsmann i Florø, og starta m.a. eksport av sild og fisk.

Florø Fryseri AS

- sjå A. Haave AS.

Stavøstrand Sjøpakhuse og Kai

Gustav Stavøstrand starta i 1900 handel med sild og fisk i Florø.

Florø Havfiskeselskap

vart skipa i 1900 - sjå artikkelen Ny oppgangstid i sildefisket.

Bataldens Havfiskeselskab AS

vart skipa i 1903 av brørne Saron, Samson og Peder Batalden.

A/S Florø Conservesfabrik

vart skipa i 1908 av Einar Haugsvik m.fl. i Bergen og skipsreiar Elias A. Olsen frå Florø. Sjå elles Hermetikkfabrikkane.

Florø Hermetikkfabrikk

– sjå A/S Florø Conservesfabrik.

Chr. Bjellands Hermetikkfabrikk frå 1965

– sjå A/S Florø Conservesfabrik.

Norway Foods

overtok i 1982 tidlegare Chr. Bjellands Hermetikkfabrikk i Florø. – sjå A/S Florø Conservesfabrik.

United Sardines Factory

– sjå A/S Florø Conservesfabrik.

A/S Florø Olje- og Fiskemelfabrikk

Den første sildoljefabrikken i Sogn og Fjordane - A/S Florø Olje- og Sildemelfabrikk - vart bygd ved Kanalen like ved innkøyringa til Florø i 1910.

A/S Florø Sildoljefabrikk

- sjå A/S Florø Olje- og Fiskemelfabrikk.

Kinn Sildolje-, Kraftfoder- og Guanofabrikk

I Årebrot nord for Florø, grunnlagt i 1911 av Johan Larsen.

Tønnefabrikantane Hovland

I mange Sunnfjordbygder, særleg kring Dalsfjorden, Gaular og i Eikefjorden, utvikla produksjon av tønner seg til ein viktig heimeindustri på 1800-talet.

Sendingen fotografert i Frøysjøen.

Sendingen fotografert i Frøysjøen.

Kristoffer Hovden

var den første i fylket som monterte oljemotor i fiskebåten sin, «Sendingen». Han starta kring 1920 rutefart med «Sendingen» mellom Bremanger og Bergen, og rutedrifta vart utvida i 1927 med «Sendingen II», som også tok passasjerar. Han dreiv ruta fram til 2. verdskrig. Seinare vart «Sendingen II» leigd for rutefart av Fylkesbaatane fleire stader i fylket.

Georg Gregoriussen

- fiskemottak og sildesalteri i Barekstad, trandamperi, sildolje- og fiskemjølfabrikk.

Florø Kjølelager A/S

vart skipa i 1937, og bygde fryseri på Fugleskjerkaia. Anlegget vart på 1960-talet leigd av Måløy-firmaet Skaar & Co. - seinare Skaarfish - då dei etablerte seg i Florø. Skaarfish overtok kjølelageret i 1978. Bygningen vart riven etter at Skaarfish flytta til nytt produksjonsanlegg i Gunhildvågen.

Sildefiskernes Fabrikklag

Sildefiskernes Fabrikklag bygde sildoljefabrikk i Gunhildvågen i Florø i 1952. Fabrikken kunne ta imot 80.000 hektoliter i døgnet og losse 10 båtar samstundes.

Skaarfish

Skaarfish

Skaarfish - eller Skaar & Co som det heitte i starten, etablerte seg på Fugleskjerkaia i Florø sist på 1960-talet.

Bernhard Underlid

starta ca. 1972 oppdrett av regnbogeaure på Bjørset. Dette var eit av dei første oppdrettsanlegga i Sogn og Fjordane. Sjå «Laksehovudstaden Florø».

E. Karstensen Fiskeoppdrett A/S

vart starta på Batalden i 1972 av Erling Karstensen (sjå Laksehovudstaden Florø).

Bergen Fiskemat

starta fiskeoppdrett i Rognaldsvågen i 1980. Sjå elles «Laksehovudstaden Florø».

Svanøy Stiftelse

vart skipa i 1972 på Svanøy m.a. med lakseoppdrett. Kring 1985 starta fleire av dei som hadde gått i lære på Svanøy Stiftelse eigne oppdretts- og setjefiskanlegg. Mellom desse var Ola Braanaas (Firda Settefisk i Norddalsfjorden), Elin Tveit Sveen og Trond Sveen, og Alex Vassbotten. Sjå elles: Laksehovudstaden Florø.

Marø Havbruk på Svanøy. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Marø Havbruk på Svanøy. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Marø Havbruk

vart starta på Svanøy i 1985 av Elin og Trond Sveen saman med Gunnar Stavøstrand - sjå artikkelen Oppdrettspionerane.

Steinvik Fiskefarm

vart starta i 1986 i Høydalsfjorden av Alex Vassbotten. Seinare starta han setjefiskanlegget Bru Fiskeoppdrett saman med Dagfinn og Almar Ellingsund. Steinvik Fiskefarm er mellom dei få lokalbaserte oppdrettsanlegga som i 2011 framleis ikkje er oppkjøpte av store konsern. I 2011 opna Vassbotten eit visingsenter for lakseoppdrett i Steinvika. - Les meir i artikkelen Oppdrettspionerane.

Steinvik Fiskefarm i Høydalsfjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Steinvik Fiskefarm i Høydalsfjorden. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Haukå Settefisk

vart starta av gardbrukar Gudmun Strømsnes på 1980-talet ved elva som renn over garden - sjå artikkelen Parhestane Braanaas og Strømsnes.

Firda Settefisk

vart starta av Ola Braanaas i Norddalsfjorden i 1987. Sjå artikkelen Parhestane Braanaas og Strømsnes.

Florø Fiskeindustri A/S

vart skipa i 1988 då Domstein-konsernet i Måløy kjøpte den nedlagde hermetikkfabrikken til Norway Foods i Florø og bygde den om til lakseslakteri og fryseri.

Domstein Salmon

– sjå Florø Fiskeindustri A/S.

Fjord Seafood Norway AS avd. Florø

– sjå Florø Fiskeindustri A/S.

Svanøy Røykeri AS

vart skipa i 1992.

Fiskefôrfabrikken EWOS

I løpet av 1990-talet vart EWOS bygd ut til å bli ein av verdas største fiskefôrfabrikkar, med ein årsproduksjon på 150.000 tonn.

Go-Fish

Selskapet kjøpte på kort tid opp store oppdretts-og setjefiskanlegg i Troms, på Sunnmøre, i Sogn og Fjordane og på Færøyane.

Norwell AS

fiskeeksportfirma vart skipa i Florø i 1996 av Kjartan Strand.

Norway Seafarms

I 1997 samla Gudmun Strømsnes og Ola Braanaas dei fleste selskapa sine i Norway Seafarms. Sjå artikkelen Parhestane Braanaas og Strømsnes.

Firda Sjøfarmer

Oppdrettsanlegg eigd av Ola Braanaas i Gulen. - sjå artikkelen Oppdrett i Gulen og artikkelen Parhestane Braanaas og Strømsnes.

Firda Management

Holdingselskap for Ola Braanaas sitt oppdrettskonsern - sjå artikkelen Parhestane Braanaas og Strømsnes.

Pan Fish

- på høgda av si verdsomspennande verksemd var selskapet verdsett til 13 milliardar kroner, og var i hovudsak eigd og styrt av fjordingar.

Havlandet Havbruk AS

Havlandet Havbruk AS

vart skipa i år 2000 som eit underselskap i INC-gruppa.

Havlandet Marin Yngel AS

vart skipa i 2001 og driv yngeloppdrett på eit anlegg ved Fjord Base, og har i 2005 konsesjon på fem millionar setjefisk.

Fiskebåtreiar Rune Nilsen med Skjongholm. Foto: Ole Ramshus Sælthun, NRK.

Fiskebåtreiar Rune Nilsen med Skjongholm. Foto: Ole Ramshus Sælthun, NRK.

Skjongholm AS

fiskebåtreiarlag vart stifta av Rune Otto Nilsen på Barekstad i 2001. Selskapet eig fiskebåten «Skjongholm», som har eit mannskap på ti og driv med garnfiske etter torsk, sei og hyse.

Havlandet Marinfisk AS

vart skipa i 2003 og driv oppdrett i Fanevik i Norddalsfjorden. I 2004 oppretta Havlandet eit anlegg for torskeoppdrett på Russenes i Førdefjorden.

HFL Havlandet Forskingslaboratorium

i Gunnhildvågen vart starta i 2005 og driv m.a. med fóranalysar for oppdrettsnæringa.

Slakteriet AS

vart skipa i 2005 då Ole Johan Eilertsen saman med andre tilsette kjøpte lakseslakteriet til Domsteingruppe sitt Florø Fiskeindustri AS i Hesteneset.

Svanøy Havbruk

- Sjå omtale under Laksehovudstaden Florø.

Bravo Seafood AS

vart starta i 2008 av Håkon Åsvang, Svein Helge Bruheim og Tore Svarstad. Selskapet eksporterer laks og omsette i 2010 for om lag 450 milionar kroner.

Fiskebas AS

fiskebåtreiarlag vart stifta i 2008 av Fiskebas Holding AS. Bak dette selskapet står familien Madsen i Florø. Reiarlaget eig ringnotbåten «Fiskebas», som fiskar sild og makrell. I 2014 vart båten skifta ut med ein ny ringnotbåt på 65 meters lengde, den fjerde i reiarlaget med same namnet. Men Madsen-familien har ei mykje lengre historie som fiskebåtreiarar. Det starta i 1948 med den 60 fot lange trebåten «Rindheim».

Ringnotsnurparen Fiskebas ved kai i heimehamna Florø. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ringnotsnurparen Fiskebas ved kai i heimehamna Florø. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 28.01.2014