Hopp til innhold
X
Innhald

Fjordane Politikammer

Politimeistrar i Fjordane:

Fjordane Politikammer vart skipa i 1898 med Bertel A. Andenæs som første politimeister. Han var den første bondeguten i Fjordane som tok juridisk embetseksamen.

Politimeistrar i Fjordane:

:Bertel A. Andenæs 1898-1921 :Ivar Lind 1921-1940 :Kr. F. Grøn 1940-1946 :Mikael Klavenes Stavnum 1946-1954 :Oddvin Sindre 1954-1964 :Gunnar Eide 1964-1970 :Egil Breen 1970-1977 :Julius Fure (konstituert) 1977-1978 :Thorbjørn Sandkleven 1978-1986 :Svein Opsahl 1986-1995 :Bjørn Valvik 1995-2002

Frå og med 2002 heiter det Sogn og Fjordane politidistrikt: :Kjell Ese 2002-2006 :Ronny Iden (konstituert) 2006-2007 :Johan Brekke 2007-

Sogn og Fjordane politidistrikt

I 2001 vedtok Stortinget ei stor omorganisering av polititenesta i distrikta. Etter hard tevling mellom alternativa Sogndal og Florø, vann Florø lokaliseringskampen om politikammeret for Sogn og Fjordane, sjølv om regjeringa hadde gått inn for Sogndal.

Begge dei to politimeistrane søkte, og politimeister i Sogn, Kjell Ese, fekk stillinga som politimeister i Sogn og Fjordane. Felles politidistrikt: Sogn og Fjordane politidistrikt vart gjennomført frå årsskiftet 2001/2002.

Magistrat og byvektar

Frå byskipinga i 1860 vart ordensmakta i byen forvalta av ein magistrat. Dette var eit statleg embete innført i 1661 og avvikla i 1922. Magistraten fyllte alle funksjonane som seinare vart overtekne av kommunale rådmenn, lensmann og byfogd (dommarar).

Florø fekk eigen byvektar i 1875 som heldt vakt i gatene om natta og syrgde for ro og orden. I Sogn og Fjordane var det elles berre Vikøyri (sjå: Bygdevektaren i Vik) som hadde slik vektar. Første politibetjenten fekk byen i 1899. Flora lensmannskontor vart slege saman med Fjordane politikammer i 1996.

Fram til 2009 heldt Fjordane Politikammer og seinare Sogn og Fjordane Politidistrikt til i dette huset ved Fugleskjerkaia. I 2009 vart eit nytt politihus teke i bruk. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Fram til 2009 heldt Fjordane Politikammer og seinare Sogn og Fjordane Politidistrikt til i dette huset ved Fugleskjerkaia. I 2009 vart eit nytt politihus teke i bruk. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Første gatelyset i fylket

Ei av oppgåvene som bystyret påla magistraten i 1874, var å få montert det første gatelyset i fylket: Ein lampe ved «Florø bro». ”Lykten holdes tendt hver Aften naar der intet Maaneskin er, fra det bliver mørkt og til Vækteren gaar fra sin Post for Natten”. I 1877 vart gatelyset i Florø by fordobla, då det kom opp ei lykt «paa Anne Helmers Hus», og året etter endå ei lykt på huset til advokat Livius Smitt. Året etter kom det endå to lykter til, og desse oljefyrte lyktene måtte bygata greie seg med dei neste 30 åra.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.10.2011