Hopp til innhold
X
Innhald

Fjordenes Kreditbank A/S

Bankbygget som Vestlandsbanken reiste i Florø i 1963. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Bankbygget som Vestlandsbanken reiste i Florø i 1963. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Fjordenes Kreditbank A/S vart skipa i 1902 med ein aksjekapital på 100.000 kroner.

Eigarar var forretningsmenn i Florø - mellom desse Abraham Haave og Elias A. Olsen.

Skipinga av banken kom etter at Kinns Sparebank nekta å betale skatt til byen. Sparebanken flytta difor like ut om bygrensa, til «heimekommunen» Kinn, og bygde bankbygg der. Som eit mottrekk mot dette skipa så forretningsfolk i Florø kredittbanken.

I 1961 vart banken slegen saman med Vestlandsbanken, som bygde nytt i 1963. I 1987 fusjonerte Vestlandsbanken med Fokus Bank. I 2006 overtok Sparebanken Vest alle avdelingane til Fokus Bank.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.05.2010