Hopp til innhold
X
Innhald

Fjordungskyrkja på Svanøy

På Svanøy står i dag dette klokketårnet der kyrkja i si tid var. Foto: Kjell Arvid Stølen.

På Svanøy står i dag dette klokketårnet der kyrkja i si tid var. Foto: Kjell Arvid Stølen.

Frå 1100-talet og fram til 1872 stod hovudkyrkja for dei nordlege bygdene i Sunnfjord på Svanøy. Før danskane kalla øya Svanøy heitte den Bru. Den andre hovudkyrkja i Sunnfjord låg i Askvoll. Bru kyrkje frå 1100-talet var ei stavkyrkje som vart riven og bytt ut med ei lafta korskyrkje i tre i 1657. Frå den eldste Bru-kyrkja er det teke vare på ein døypefont i kleberstein frå 1200-talet. Ein kyrkjebenk frå 1650 og ein lysestake frå 1637 tekne vare på i stasstova på Svanøy hovudgard. Ei altartavle frå 1590, ei såkalla katekismustavle med bibelsitat, og ein preikestol frå 1653 og sju glasmåleri frå 1659 står i Bergen Muséum.

Steinkrossen på Svanøy. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Steinkrossen på Svanøy. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lysestake frå kyrkja på Svanøy. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Lysestake frå kyrkja på Svanøy. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Steinkross frå Hyllestad

På den gamle kyrkjegarden på Svanøy står ein over to meter høg steinkross med runeskrift. Denne er hoggen av granatglimmerskifer, den same steintypen som ein finn i liknande mellomalderkrossar i Eivindvik og i Korssund. Granatglimmerskiferen stammar frå same steinbrotet i Hyllestad som vart nytta til storproduksjon av kvernstein.

Kyrkja i Stavang før brannen i 1951. Foto: Ragnvald Riise. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Kyrkja i Stavang før brannen i 1951. Foto: Ragnvald Riise. Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Nyekyrkja i Stavang brann

Kyrkja på Svanøya vart riven i 1872, og ny soknekyrkje vart bygd ved den lune bukta i Stavang på fastlandet. Den 1. juledag i 1951 slo lynet ned i kyrkja som brann ned til grunnen. Berre altartavla frå 1899 av Joh. Christensen vart berga saman med nattverdsutstyr frå 1873. Dagens kyrkje i Stavang vart bygd i 1957. Arkitekt var Ole Halvorsen. Byggmeistrar var Andreas Hjelmeland frå Førde og Jan Arvidson frå Bergen. Altartavla er frå 1957 og er eit glasmåleri av Egill Rognaldsen. Øvrig inventar frå byggjeåret. Den gamle altartavla frå 1899 og nattverdsutstyret som vart berga frå brannen i 1951, er flytta over i den nye kyrkja.

Stavang kyrkje, bygd i 1957. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Stavang kyrkje, bygd i 1957. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 25.05.2010