Hopp til innhold
X
Innhald

Flora gymnas

Flora vidaregåande skule har Stabben fyr som symbol. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Flora vidaregåande skule har Stabben fyr som symbol. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Under 2. verdskrig vart det i ein kort periode drive gymnasundervisning i Florø. Tilsvarande var det også i Aurland 1943-1947, i Dale i Sunnfjord 1944-1949 og i Høyanger 1943-1950 (sjå Skular i Aurland, Skular i Høyanger og Skular i Fjaler).

Flora gymnas vart skipa i fylkeskommunal regi i 1967, og var det fjerde faste gymnaset i Sogn og Fjordane etter Firda Gymnas på Sandane, Eids 2-årige gymnas og Sogndal gymnas.

Lokaliseringsstrid

Men heller ikkje gymnaset vart plassert i Florø utan strid om stadvalet: Alt i 1959 drøfta fylkestinget skiping av eit gymnas i Sunnfjord. Valet sto mellom Førde og Florø, og i 1962 fall valet på Florø. Førde fekk gymnas i 1970.

I 1976 vart gymnaset omgjort til Flora vidaregåande skule. Skulen hadde ei tid filialklassar i Svelgen.

Foto: Ottar Starheim, NRK.

Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 01.06.2010