Hopp til innhold
X
Innhald

Flora og 2. verdskrig

Tyske soldatar ved luftvernkanon på Havreneset i Florø under 2. verdskrig. © Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Tyske soldatar ved luftvernkanon på Havreneset i Florø under 2. verdskrig. © Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Florø og Florelandet vart eit av dei viktigaste støttepunkta i fylket for den tyske okkupasjonsmakta under 2. verdskrig. På det meste hadde tyskarane 500-600 soldatar stasjonert i Florø.

Florø var ein festning

Den militære aktiviteten dei to første krigsåra var liten, men frå 1942 bygde tyskarane byen og øya ut som ei festning. Viktige kaier og bruer vart underminerte. Kring heile Florelandet låg det store minebelte.

Fangeleiren for russiske krigsfangar i Florø. Eigar av foto Kystmuseet.

Fangeleiren for russiske krigsfangar i Florø. Eigar av foto Kystmuseet.

Stor russarleir

Florø folkeskule og andre institusjonsbygg, hotell og pensjonat og privatheimar vart rekvirerte til kaserner og kontor. Brakkebyar vart reiste for å huse både soldatar og opptil 120 russiske krigsfangar. Fangane vart m.a. brukte til å byggje bunkersar og kanonstillingar i Storåsen, Havreneset og på Sørstrand.

Ein del av det tyske festningsanlegget i Storåsen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Ein del av det tyske festningsanlegget i Storåsen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

I 1943 vart staben for den militære byggjeleiinga i fylket flytta frå Førde til Florø. På Fugleskjerkaia var det kontrollstasjon for aktiviteten på hamna, og på Storåsen vart det tidleg i krigen plassert ein flymeldingspost. Etter krigen vart nokre av brakkene brukte til internering av nordmenn som var mistenkte for landssvik (sjå Thekla-ulukka). Fangane vart seinare flytta til leiren i Lærdal.

Minnelund

To av kanonane ved kystfortet i Havreneset er teke vare på som krigsminne, og i 1994 vart det sett opp minneplate ved Florahallen der den russiske fangeleiren låg. 8. mai 2010 vart det opna ein minnelund med den russiske ambassaderåden i Noreg til stades. I 2011 vart det avduka informasjonstavler ved og i bunkeren på Storåsen. Det er Flora krigshistorielag som har fått laga tavlene.

Les meir om krigshistoria i Flora.

Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 06.09.2011