Hopp til innhold
X
Innhald

Flora Samfunnshus

Flora Samfunnshus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Flora Samfunnshus. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Flora Samfunnshus vart opna i 1979 og huser m.a. kino, bibliotek, ulike forsamlingslokale, og brannstasjon i underetasjen.

Skulptur ved Flora Samfunnshus, laga av Svein Christensen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Skulptur ved Flora Samfunnshus, laga av Svein Christensen. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Huset er teikna av arkitekt Kjell Colbjørnsen, Oslo. Bygget er reist midt i sentrum der tunet til gamle Flora gard låg. Huset og parken er m.a. prydde med bilete og skulpturar av Bjørn Hegranes og Svein Christensen.

Folkebiblioteket

i samfunnshuset har historia tilbake til 1880-åra, då det lokale øl- og vinutsalet, Florø Samlag, gav midlar till innkjøp av bøker. Biblioteket på 2000 bind strauk med då folkeskulen brann i 1918. I dag er samlinga på over 50.000 bøker.

Kommunal kinodrift

starta i Florø i 1922, etter at det i mange år vart drive privat kinodrift i Ungdoms- og idrettshuset Fram. Under leiing av kinosjef Renate Svardal frå 1976, har kinoen i Florø vore ein av dei fremste og nyskapande kulturinstitusjonane av dette slaget i fylket.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.06.2010