Hopp til innhold
X
Innhald

Florafauna (Byakvariet)

Frå akvariet til Florafauna. Foto: Magne Bakke.

Frå akvariet til Florafauna. Foto: Magne Bakke.

Florafauna (Byakvariet) vart starta av Monicha Landøy i 2011. Ho hadde til då drive som preparant med utstopping av dyr. I 1996 starta ho med eit saltvassakvarium i verkstaden sin.

Då ho flytta til Strandgata 35 kunne ho realisere planane sine om eit fullverdig akvarium, og i 2011 vart akvariet som rommar 20.000 liter vatn opna. Monicha Landøy fekk finansiert satsinga si ved hjelp av gåver, sponsorar og dugnadsarbeid.

I tillegg til å sjå levande fisk i akvariet kan dei som vitjar Florafauna sjå på arbeidet med utstopping av dyr, og det er og tilbod om aktivitetar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 14.01.2016