Hopp til innhold
X
Innhald

Floralandet sterkt befesta

Her på utsiktspunktet mot vest på Storåsen stod det tyske kanonar. Ute i  havet ser vi øyane Reksta og Batalden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Her på utsiktspunktet mot vest på Storåsen stod det tyske kanonar. Ute i havet ser vi øyane Reksta og Batalden. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Frå sommaren 1942 satsa tyskarane sterkare på Florø: Festningsverka vart bygde, og sommaren 1943 var styrken oppe i mellom 500 og 600 mann.

Hotell og forsamlingshus over heile byen vart rekvirerte av tyskarane: Firdaheimen, Aldersheimen, Misjonshotellet, Fiskarfagskulen, Frelsesarméen, Breidablikk, skular og ei mengd privathus vart rekvirerte for å huse soldatar og offiserar.

Kasino

Ekstra vanskeleg vart det då tyskarane rekvirerte den store barneskulen i byen som stabskvarter. I eit hus ved sida av skulen rigga dei til kasino for offiserane.

Artillerie-Gruppe Nordfjord

I august 1942 vart kommandoen for den såkalla Artillerie-Gruppe Nordfjord flytta frå Nordfjordeid til Florø. Sjefen, major Baumann, hadde kommandoen over alle kystforta frå Førdefjorden til Stad. I august 1944 vart denne kommandoen flytta til Angelshaug i Vågsøy. I ein kort periode frå august til desember 1944 var likevel Florø skilt ut som eiga artillerigruppe under eigen kommando.

Les meir om krigshistoria i Flora

Florø barneskule, der tyskarane hadde stabskvarter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Florø barneskule, der tyskarane hadde stabskvarter. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 09.06.2010