Hopp til innhold
X
Innhald

Florø Apotek

Her i Strandgata 18 heldt Florø Apotek til i 70 år, til 1959. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Her i Strandgata 18 heldt Florø Apotek til i 70 år, til 1959. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Florø Apotek vart skipa i 1889 etter at kommunen fleire gonger heilt frå 1874 hadde søkt og fått avslag.

Grunnen for avslaga var m.a. at distriktslegane i ytre Sunnfjord og Nordfjord reiste tvil om det kunne svare seg økonomisk å drive eit apotek i distriktet. I 1883 freista ein difor med ein ny søknad der ein gjorde framlegg om at apotekarstillinga kunne kombinerast med postmeisterstillinga i byen!

Det var først då fiskeria tok seg opp på slutten av 1880-åra at styremaktene gav løyve til skiping av apotek i Florø. F. A. Dahl var første apotekar. Frå 1909 til 1921 dreiv Florø Apotek ein filial i Måløy.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 19.05.2010