Florø barneskule

Florø barneskule. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Første skulehuset for fastskule i Florø var bygd 1866. Dette huset står enno, det er bustadhus, og går under namnet Malkenes-huset. I 1893 vart det bygt nytt og større skulehus, og dette husa også middelskulen saman med barneskulen.
I 1919 vart huset totalskadd av brann, og skuleborna berga seg såvidt ut. Kommunen reiste grunnmuren til ein ny skule, men økonomiske nedgangstider og pengemangel gjorde at ein ikkje makta å reise nytt skulebygg i Florø før i 1934. I mellomtida heldt barneskulen m.a. til i rådhuset.
Grunnmuren som vart sett opp etter brannen i 1919, vart selt til fylket og brukt som fundament då det vart bygd nytt sjukehus i 1926 (sjå Florø sjukehus)
I sildeåra på 1950-talet auka folketalet sterkt, og barneskulen vart mykje utvida.

Det første skulehuset i Florø, bygt i 1866. Foto: Ottar Starheim, NRK.
Kjelder
Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane
Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014).
Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.
Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til post(a)allkunne.no.
Sist oppdatert: 31.05.2010