Hopp til innhold
X
Innhald

Florø by, sildetelegraf og fiskerifyr

Florø ca. 1890. Foto: A. B. Wilse.

Florø ca. 1890. Foto: A. B. Wilse.

Midt på 1800-talet hende fleire ting som gjorde at distriktet frigjorde seg frå Bergens-herredømet:

Handelsprivilegia vart avvikla i 1840-åra, og kjøpmenn kunne etablere seg fritt. Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane vart skipa i 1858, og gjorde at varehandelen mellom by og land gjekk friare. Og ikkje minst: Fylket fekk i 1860 sin første by, plassert ved den gode hamna på Floralandet, og tett ved dei rike fiskefelta kring Kinn. Sildefiskeria var avgjerande for at Florelandet vart valt og Florø vart ladested eller by (sjå elles «Kommunehistoria i Flora»).

Fiskeritelegrafen varsla sild

Det einskildtiltaket som best viser kor nasjonaløkonomisk viktig vårsildfisket kring Kinn var på denne tida, var bygging av fiskeritelegraf til Florø, Rognaldsvåg og Fanøyvågen i 1861.

Fiskerifyra kring Flora

I 1867 sette Staten i gang med å byggje ut bemanna fiskerifyr for å gjere ferdsla i farvatna utanfor Florø tryggare.

Kyr og seilbåt av Fredrik Collett, med motiv frå øyane utanfor Florø. © Blomqvist Kunsthandel.

Kyr og seilbåt av Fredrik Collett, med motiv frå øyane utanfor Florø. © Blomqvist Kunsthandel.

Som sild i tønne

Når tusenvis av fiskarar stua seg saman i trange og trekkfulle sjøbuer, førde det med seg mykje smitte og sjukdom. Det er utruleg, men må vere sant fordi det er skrive ned i ein offisiell tilstandsrapport: I Kalvåg budde det 150 mann i eit hus som berre målte 12,5 x 7 meter! Lus og skabb hadde gode levekår. Sjødrev, vinterfrost og hardt arbeid m.a. med sildekverking og salting for kystkvinnene gjorde ikkje helsetilhøva betre. Den store farsotten på 1800-talet, spillsykja, herja nådelaust i kystbygdene. Kring 1850 fanst halvparten av alle spedalske i Noreg på strekninga mellom Bergen og Møre. Flest hadde Kinn med 90 spedalske, 75 i Naustdal, 72 i Askvoll og 36 i Vevring kommune. Med andre ord var tre prosent av folket i desse Sunnfjord-bygdene smitta av leprabasillen. Heilt til Bergens-legen Armauer Hansen oppdaga leprabasillen under mikroskopet i 1873 trudde legane at sjukdomen skuldast arv. Bakgrunnen for denne hypotesen var at mange i same huslyd kunne vert spillsjuke samstundes. Etter folkeleg tru skulle det å ete rå fisk vere sjukdomsframkallande. Årsaka til denne overtrua om rå fisk skreiv seg frå at sjukdomen var mest utbreidd i fiskeridistrikta vestpå. Sanninga var ei anna: Familiemedlemer smitta lettare kvarandre fordi dei budde tett saman i skitne og dårlege hus, og hadde dårleg mathygiene. Eilert Sundt fortel at det var vanleg at kystfolket i Sunnfjord kokte usløgd fisk og uvaska poteter i same gryta, og sopelimen vart ofte berre nytta ein gong i året på stovegolvet der både høner og andre husdyr delte bol med folket på garden. Dei tettfolka fiskeværa kring Florø vart også heimsøkte av kolera, difteri, tyfus, tuberkulose og influensa-epidemiar som enda i lungebetennelse og død.

Les meir om:

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 11.06.2010