Hopp til innhold
X
Innhald

Florø Fargehandel

Florø Fargehandel i Strandgata 25. Foto: Harald J. Stavang, Firdaposten.

Florø Fargehandel i Strandgata 25. Foto: Harald J. Stavang, Firdaposten.

Florø Fargehandel vart starta i 1949 av familien Øen Olsen (sjå O. Joh. Olsen Kullforretning 1905) og Erling Kleiven. Fargehandelen heldt til i Strandgata 25. Det var Kleiven som styrde fargehandelen, medan Pål Svendsen frå Olsen-familien dreiv med kol og koks, pluss omlasting av sild frå fiskebåtar til føringsbåtar.

Stabben fyr. Foto: Dag Nesbø Føryen, Firdaposten.

Stabben fyr. Foto: Dag Nesbø Føryen, Firdaposten.

I 1974 skilde dei lag. Kleiven starta Erling Kleivens Fargehandel og etablerte seg i Samsonboden på Fugleskjerkaia. Sonen Øyvind Kleiven tok over, og i 1990 bygde dei nytt næringsbygg i Hesteneset med plass til både fargehandelen, tannklinikk og bustader.

I 2012 vart Erling Kleivens Fargehandel lagd ned, 63 år etter at Florø Fargehandel vart starta.

Marit Helene og Øyvind Kleiven i fargehandelen før nedlegginga i 2012. Foto: Dag Nesbø Frøyen, Firdaposten.

Marit Helene og Øyvind Kleiven i fargehandelen før nedlegginga i 2012. Foto: Dag Nesbø Frøyen, Firdaposten.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 22.10.2012