Hopp til innhold
X
Innhald

Florø Fiskeindustri A/S

Slakteriet AS, tidlegare Florø Fiskeindustri A/S. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Slakteriet AS, tidlegare Florø Fiskeindustri A/S. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Florø Fiskeindustri A/S vart skipa i 1988 då Domstein-konsernet i Måløy kjøpte den nedlagde hermetikkfabrikken til Norway Foods i Florø og bygde den om til lakseslakteri og fryseri. Ein kortare periode vart det også drive filetproduksjon i anlegget. - Les meir om historia til hermetikkfabrikken i Hesteneset under A/S Florø Conservesfabrik.

I åra som fylgde, satsa Domstein sterkt på oppdrettsnæringa, og fabrikken i Florø vart hovudbase for Domstein-konsernet sin oppdrettsdivisjon, Domstein Salmon AS, som bygde seg opp til å verte eit av dei største oppdrettsselskapa i landet.

I 2000 selde Domstein-konsernet all oppdrettsverksemda si til Fjord Seafood ASA mot betaling i aksjar. Domstein vart dermed største aksjonæren i fjord Seafood med 18 prosent i det som vart det tredje største oppdrettsselskapet i verda med kring 2700 tilsette (2004-tal) i Noreg, Belgia, Skottland, Chile og USA.

Florø Fiskerindustri AS heitte frå 2004 Fjord Seafood Norway AS avd. Florø og vart det største lakseslakteriet i Sogn og Fjordane med 50 tilsette. Les elles meir om Domsteinkonsernet under Vågsøy kommune.

I 2005 kjøpte Ole Johan Eilertsen saman med andre tilsette lakseslakteriet til Domstein og gav det nye selskapet namnet Slakteriet AS.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 18.05.2010