Hopp til innhold
X
Innhald

Florø Flyservice AS

Florø lufthamn. Foto: Erlend Blaalid Oldeide, NRK.

Florø lufthamn. Foto: Erlend Blaalid Oldeide, NRK.

Florø Flyservice AS vart starta i 2003 av tidlegare tilsette i Widerøe og Coast Air. Dette miste Coast Air konsesjonen på flyging til pg frå Florø, og danske DAT overtok. Dette selskapet var ikkje interessert i å tilsette bakkemannskap. Difor starta dei sitt eige firma. Då Widerøe igjen tok til å trafikkere Florø lufthamn i 2012 vart Florø Flyservice handlingssselskap for flyselskapet. Florø Flyservice tek imot fly og er ansvarleg for billettsal, bagasjehandtering, tryggleik, reingjering av flya m.m. I 2014 er det 20 tilsette, av desse 13 heilårstilsette.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 10.06.2014