Hopp til innhold
X
Innhald

Florø hamn

Den gode hamna på Florevika - i ly bak Florelandet - var avgjerande for at Florø by vart grunnlagd der i 1860. Hamna låg like ved kystleia og passe nær til dei rike sildefiskeria kring Kinn.

På same vis som Måløy på slutten av 1800-talet avløyste Vågsvåg og Torskangerpollen som fiskerihamn, vart aktiviteten flytta inn til Florø frå dei små fiskeværa på Kinn, Batalden og Rognaldsvåg som låg lengre vest: Kring 1900 vart nemleg robåtar og seglskøyter avløyste av fiskedampskip og motorbåtar i dei norske fiskeria. Ei trygg og god hamn vart viktigare enn kort utror til fiskefelta når motoren no kunne gjere jobben. Motorskipa kravde dessutan større hamn og tilgang til slippar og motorverkstader.

I 1865 vart hamnestellet organisert med eigen hamnefut. Den første var Jens Bloch Helmers frå 1865 til 1898. Florø hamn har i dag stor trafikk av lasteskip og oljeforsyningsbåtar, og oljebasen på Botnaneset er såkalla Eurohamn for røyr til oljeindustrien.

Amtskaia i dag. Ved kaia ligg veteranskipet Svanhild. Kaibygningen er ungdomsklubb. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Amtskaia i dag. Ved kaia ligg veteranskipet Svanhild. Kaibygningen er ungdomsklubb. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Amtskaia

(Fylkeskaia) midt i byen vart vedteken bygd i 1877 og påbygd fleire gonger seinare for å kunne tene som ekspedisjonskai for Fylkesbaatane. Fram til kaia vart bygd, hadde Fylkesbaatane (sjå Skiping av Fylkesbaatane 1858) vorte ekspederte frå robåt ute på Florevika. Fylkesbaatane nytta kaia fram til dei flytta til Fugleskjerkaia midt på 1960-talet.

Det gamle ekspedisjonsbygget på Fylkeskaia er idag restaurert og nytta til ungdomsklubben «Haffen».

Industrihamn i Gunhildvågen

I 2008 vart innseglinga til industrihamna i Gunhildvågen utvida for 60 millionar kroner. Det 30 meter lange seglløpet vart etter utvidinga 80 meter breitt og 10 meter djupt på lågvatn.

Industrihamna i Gunhildvågen med EWOS-fabrikken. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Industrihamna i Gunhildvågen med EWOS-fabrikken. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 31.10.2011