Hopp til innhold
X
Innhald

Florø Handelsforening

Drikkevassbassenget på Storåsen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Drikkevassbassenget på Storåsen. Foto: Kjell Arvid Stølen, NRK.

Florø Handelsforening vart skipa i 1867 som den første av dette slaget i Sogn og Fjordane.
På skipingsmøtet var 10 næringsdrivande til stades. I 1875 hadde medlemstalet auka til 34. Handelsforeninga engasjerte seg dei første åra m.a. i skiping av bankar, bygging av Fugleskjerskaia, betre telefonsamband, bygging av vassverk, og starta mjølkeruter frå jordbruksbygdene ved Førdefjorden og til den nye byen. På 1950-talet var den viktigaste kampsaka bygging av flyplass i Florø (sjå Flysamband og lufthamna i Florø), og foreninga tok også del i forskottering av bygdevegar ved Årebrot og i Svardal.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.06.2010