Hopp til innhold
X
Innhald

Florø Håndverkerforening

Florø Håndverkerforening vart skipa i 1934 med 13 medlemmer.

Same året gjorde foreninga opptaket til å få starta ein teknisk skule i byen. Denne kom i gang i 1938, men måtte innstille etter berre eitt elevkull på grunn av dårleg søknad. Etter krigen var foreninga m.a. engasjert i arbeidet for å få bygd flyplass i Florø (sjå Florø lufthamn) og for å få starta Florø Lærlingskule og organisert prøvenemnder for sveinebrev i handverksfag. Florø Håndverkerforening hadde også medlemmer frå andre Sunnfjord-kommunar.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). Publisert digitalt etter avtale med NRK i 2014. 

I 2021 tek Vestland fylkeskommune ved Fylkesarkivet over innhaldet i Fylkesleksikon for Sogn og FjordaneDette innhaldet blir derfor ikkje lenger oppdatert på allkunne.no. Feil eller manglar som blir melde inn til post(a)allkunne.no, blir registrerte og overleverte til denye eigaren 

Les meir om overtakinga av Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane. 


Sist oppdatert: 03.04.2009