Hopp til innhold
X
Innhald

Florø Hjemmenes Vel

Demonstrasjon av elektriske komfyrar var ei av oppgåvene Florø Hjemmenes Vel engasjerte seg i.

Demonstrasjon av elektriske komfyrar var ei av oppgåvene Florø Hjemmenes Vel engasjerte seg i.

Florø Hjemmenes Vel vart skipa i 1921 av Karen Platou og fekk frå starten 40 medlemmer.

I 1938 endra laget namn til Florø Husmorlag, og hadde i velmaktåra for ”husmorrøsla” på 1950-talet kring 200 medlemmer.

Dei første åra på 1920-talet skipa husmorforeninga til demonstrasjon av elektriske hushaldningsartiklar i samband med at Ålfot-selskapet (sjå dette under Ålfotsaka - det store økonomiske marerittet) tok til å levere elektrisk straum til m.a. Floralandet. I 1925 kjøpte husmorlaget inn likvogn til byen.

I åra kring 2. verdskrig var dette og andre husmorlag svært aktive for å få i stand husmorvikarordningar og skulekjøkenundervisning, og i nokre år fekk laget i Florø organisert såkalla ”Oslofrokost” i barneskulen – d.v.s. at skuleborna fekk servert gratis skulemat og mjølk i storfriminuttet. Husmorlaget i Florø fekk også starta ein av dei første barnehagane i Sogn og Fjordane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.06.2010