Hopp til innhold
X
Innhald

Florø Idrettssenter

Florø Idrettssenter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Florø Idrettssenter. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Storhallen Florø Idrettssenter til 80 millionar kroner vart opna 16. mai 2006 og har ei samla golvflate på 7.500 kvadratmeter til ein samla pris på kring 50 millionar kroner.
Den inneheld fotballhall på 60x40 meter, fleirbrukshall med handballmål 40 x 20 meter, fem løpebaner på 100 meter, lengdegrop, stavsprang og klatrevegg på 13 x 10 meter, og styrkerom, møterom, rom for undervisning og kafeteria. Norsksenteret for innvandrarar får også plass i bygget som m.a. er finansiert ved milliongåver frå milliardæren Trond Mohn i Bergen og frå Wenche Karin Sunde. Florø Idrettssenter AS vart skipa i 2001 med Florø Turn og Idrettsforening og Florø Sportsklubb som dei største aksjonærane. Fotballklubben Tempo og Norddalsfjord Idrettslag eig kvar sine fem prosent av aksjane.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 08.06.2010