Hopp til innhold
X
Innhald

Florø Meieri

Sunnfjord Meieri på slutten av 1950-talet.

Sunnfjord Meieri på slutten av 1950-talet.

Florø Meieri vart skipa i 1928 av bergensaren Laurits Tvedt. I 1933 vart meieriet overteke av leverandørane, og i 1944 vart namnet endra til Sunnfjord Meieri, samstundes med at fleire små meieri i distriktet vart lagde ned.

Sunnfjord Meieri bygde nytt anlegg i 1952 og hadde på slutten av 1950-tallet over 800 leverandørar frå dei nordvestlege bygdene i Sunnfjord.

Sunnfjord Meieri vart etter hard strid lagt ned i 1991.

Den tidlegare meieribygningen i Florø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Den tidlegare meieribygningen i Florø. Foto: Ottar Starheim, NRK.

Kjelder

Kjeldeliste til Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane 

Artikkelen er basert på NRKs Fylkesleksikon for Sogn og Fjordane (2001–2014). 

Publisert digitalt etter avtale med NRK 2014.

Artiklane i fylkeleksikonet blir dessverre sjeldan oppdaterte, grunna manglande ekstern finansiering etter at Allkunne tok over artiklane frå NRK. Meld gjerne frå om feil eller manglar til allkunne(a)allkunne.no.


Sist oppdatert: 15.02.2010